Velkomen til ny nettside

Som du ser har vi fått ny nettside. Med god hjelp frå EKH Grafisk har vi fått ei moderne side med fleire nye funksjonar. Vi håper at den blir meir oversiktleg for deg som brukar og at det blir lettare å kontakte oss både for medlemer og andre. For oss er det i alle fall eit stort framsteg. Den nye sida gjer at vi no kan legge ut nye ting mykje enklare. Vi har bestemt at alle årsskrifta fram til 2010 skal leggast ut i søkbar form, dessutan har vi tenkt å få ut fleire kjeldeskrift. Dette kjem litt seinare på året. Det du allereide no kan kose deg med, er vårt store prosjekt med å samle inn bygdesongar (Sjå eiga sak).

Vi tek gjerne i mot ris og ros og forslag på kva vi skal bruke vår nye nettside til.


Publisert 25. april 2013

Siste nytt

3. feb. 2019

Parelius-seminar 2019

Styret har vedteke at det av ymse årsaker ikkje blir noko Parelius-seminar i 2019.

29. jan. 2019

Årsmøte 2019

Årsmøtet blir på Gildehallen, Romsdalsmuseet tirsdag 5. mars kl. 19.00.
Innkalling og årsmøtepapir vil bli sendt i posten til alle medlemmer.

 

Gjensidige.jpg
28. okt. 2018

Bok om kyrkjene i Romsdal

Vi planlegg å gje ut ei bok med omtale av alle kyrkjene i Romsdal. Max Ingar Mørk er engasjert som forfattar. Vi tek sikte på at boka kjem ut i 2021.
 
Takk til @Gjensidige Forsikring Nordmøre og Romsdal som gjennom Dugnadsløftet har gitt oss støtte til "Kyrkjene i Romsdal"
24. sep. 2018

Årsskrift 2018

Årsskrift 2018 har over 30 artiklar frå heile Romsdal.
Boka er på 348 sider. .
Det lønner seg å vere medlem. Då får du boka direkte i postkassa!
Kontakttelefon: 976 61 964

 

> NYHETSARKIV