Kongens fortenestemedalje til Bjørn Austigard

jY3Bqovb.jpeg
Vår kjære styreleiar sidan 1984 er tildelt Kongens fortenestemedalje. Han fekk medaljen overlevert av Moldes ordførar ved ei høgtideleg tilstelling på Romsdalsmuseet den 29. mai 2019. Bjørn får medaljen for sitt omfattande arbeid med lokalhistorie både som tilsett ved Romsdalsmuseet og som leiar for Romsdal sogelag. Det vart lagt stor vekt på hans omfattande produksjon av lokalhistorie og hans innsats for formidling av lokalhistoria.

Publisert 30. mai 2019

Siste nytt

18. mars 2020

Til alle medlemmer i Romsdal sogelag

Årsmøtet som skulle haldast 17. mars, blei som kjent avlyst. Val av leiar og styre blei dermed ikkje halde, men både leiar og resten av styret held fram i sine verv til nytt årsmøte kan haldast. Dette gjeld også redaksjonen og arbeidet med Årsskrift 2020 er i full gang.

Turen vi planla den 25. april har vi utsett på ubestemt tid. Dei som har meldt seg på, blir no strokne, og dei som allereie har betalt, får pengane returnert til den kontoen pengane kom frå.

Det er uråd å seie om det blir nokon tur på denne sida av sommaren, eller i det heile i år. Eventuell ny tur vil bli godt annonsert.

Styret

17. jan. 2014

Eldre årgangar søkbare på nettet

Du kan no søkje i eldre årgangar av Årsskrift på nettet. Gå inn på Årskrift frå forsida. Søket er basert på ei løysing frå Google og er ikkje heilt som vi ønkjer det enno, men det går godt an å bruke det allereide no. Lukke til!

> NYHETSARKIV