Tur til Midsund for folk i Nesset

Onsdag 20. juni arrangerer Romsdal sogelag tur til Midsund for folk som bur i Nesset. Bakgrunn for turen er kommunesamanslåinga i 2020.
Start frå busshaldeplassen ved Coop Extra, Eidsvåg, kl. 09.30, attende i Eidsvåg ca. kl. 17.00. Middag på Midsund kro.
Kjentmann på turen er Bjørn Austigard. Det er plass til 44 personar.
Turen er open for alle som bur i Nesset. Frist for påmelding 14. juni. For fleire opplysningar: Ring Bjørn: 976 61 964
Påmelding: Turid Leirvoll Øverås, Nesset kommune, tlf.: 952 06 213, epost: turid.overas@nesset.kommune.no
Pris: kr 450,- som skal betalast til konto 3980 25 17495
 

Tur til Midsund for folk i Nesset

I 2020 går Nesset, Molde og Midsund saman til ein kommune. For at folk i Nesset skal bli betre kjent i Midsund arrangerer Romsdal sogelag – med støtte frå «Bli kjent-fondet» – ein tur til det som blir «vestre bydelar» i Nye Molde kommune.

Opplegget er slik: Start ved busshaldeplassen ved Coop Extra, Eidsvåg, onsdag 20. juni kl. 09.30. Bussen går om Ranvika, Nesjestranda, Molde sentrum, Mordalsvågen, Solholmen, Otrøy kyrkje til Midsund sentrum. Middag med dessert og kaffe. Etter omvising går turen, med Nils Edvin Sanden som guide, rundt Midøya og Dryna og vidare om sentrum, Nord-Heggdal, Solholmen og attende til Eidsvåg ca. kl. 17.00. Kjentmann på turen er Bjørn Austigard. Det er plass til 44 personar.

Turen er open for alle som bur i Nesset. Siste frist for påmelding14. juni.

Påmelding: Turid Leirvoll Øverås, Nesset kommune, tlf.: 952 06 213, epost: turid.overas@nesset.kommune.no

Pris: kr 450,- som skal betalast til konto 3980 25 17495


Publisert 14. mai 2018

Siste nytt

13. nov. 2018

Årsskrift 2018 ferdig

Årsskrift 2018 er nå sendt ut til medlemmene. Boka er å få hos alle lokale bokhandlere, samt Romsdalsmuseet,
eller direkte fra Sogelaget, tlf. 976 61 964.
 
Vi minner også om at vi fortsatt har Gulltransporten - Dramaet dag for dag. 
 
 
Gjensidige.jpg
28. okt. 2018

Bok om kyrkjene i Romsdal

Vi planlegg å gje ut ei bok med omtale av alle kyrkjene i Romsdal. Max Ingar Mørk er engasjert som forfattar. Vi tek sikte på at boka kjem ut i 2021.
 
Takk til @Gjensidige Forsikring Nordmøre og Romsdal som gjennom Dugnadsløftet har gitt oss støtte til "Kyrkjene i Romsdal"
24. sep. 2018

Årsskrift 2018

Årsskrift 2018 er i rute med over 30 artiklar frå heile Romsdal.
Boka blir på 348 sider i år som i fjor og blir lansert midt i november som vanleg.
Det lønner seg å vere medlem. Då får du boka direkte i postkassa!
Kontakttelefon: 976 61 964

 

14. juli 2018

Gulltransporten har fått ny aktualitet

Boka vår Gulltransporten - dramaet dag for dag har fått ny aktualitet etter at Svein Kroken har åpna utstilling om gulltransporten i ei gammel jernbanevogn ved Trollveggen besøkssenter i Romsdalen. Boka kan kjøpes ved utstillinga, eller bestilles hos oss (klikk på lenka "Bøker" ovenfor).

> NYHETSARKIV