B.B.O. - Risbrua

Type: Byggverk
Kommune: Vestnes
Stad: Kjersemdalen

Innskrift forside:

B.B.O.
________
1890
________

Omtale:

Bjørn Austigard skriv:
Etter det Kåre Frostad, nabo til brua fortel til Arnljot Løvik, står det B.B.O. 1890 og bokstavane tilhørte truleg ein svensk rallar som leia byggearbeidet.  Han skulle vere ‘si på drikken’ så ettermælet er ikkje det beste, men brua står.
Det var ei trebru på denne staden før steinbrua. Trebrua bestod av fleire stokkar i breidd, og i staden for bord, la dei ris på tvers av stokkane til dekke slik at dei kunne kjøre over med slede. Kåre Frostad seier at dette forklarer namnet Risbruna.
Frostad og Løvik trur brua vart bygd med pengar frå både kommunen og dei private grunneigarane.. Kjørevegen oppover Kjersemdalen vart bygd nokre ti-år før steinbrua.
Risbrua.JPG