Vågasong (piano/orgel)

Bygd: Vågane
Kommune: Molde
Tekst: Vikhagen, Ola H.
Melodi: Ola H. Vikhagen /Går og på tonen Gamle Noreg nørdst i grendom
Kjelde: Bygdebok for Vågane / Arnold Solemdal s. 10

Utgåva for piano/orgel har litt anna melodi i takt 2 enn originalen


Inn på strand ved vene Vågar

feder fager heim oss fann.

Ven og vid han ligg i bågar

frammed fjord som syng mot strand.

Der ligg gardar som velrudde vollar

lunt millom skogen som yndefull krans,

myrar og elvar og moar og kollar

:/: fossen og fenner i solfager glans. :/:

 

Rauste feder bygda rudde,

streva sårt på land og sjo.

Men med von og tru dei budde,

signa Gud kvar gjeving no!

Fridom med æra dei fram vilde bera,

bjart tindrar Trongen og Hjørungavåg.

Håkon deim helsa med Herren sin frelsa.

:/: Kyrkja dei bygde og trygde med log. :/:

 

Fram då Våga-kvinner, menner,

fram til strid for bygd og land,

rydja, dyrka gilde grender,

tjelda heim på tuft langs strand.

Heimbygd med seder og skikkar og minne,

målet med syskin, med far og med mor,

vent du meg manar til Himlen å vinne,

:/: kjende og kjære og heilage jord. :/: