Til Gossen 1

Bygd: Gossen
Kommune: Aukra
Tekst: Varhaugvik, Karen
Melodi: Huldreslåtten arr, I. Hj.



No syng vi ei vise om Gossen,
om øya og heimstaden kjær.
Om båten og bruket og fjorden,
ja alt det som rundt om oss er.
Om vidder der lyngblomen angar
og myrulla voggar i vind,
Om holmar og viker og tangar
og enga av liljer så fin.
 
Det hender den låglendte øya
ligg gøymt under havskodda grå,
men stig atter fram lik ei perle
med solglans når himlen er blå.
Og trolsk reint når vårnatta blånar
og månen får leggja eit band
av glitrande gull over sundet,
ei bru til vårt eventyrland.
 
Dei fedrar som bygde i landet
alt tidleg til Gossen fann veg.
At høvdingar var med i fylgje
av varige merkje me ser.
Dei rudde seg grunn langs med stranda
og fann fram til brukbare kår.
Me æra dei vil ved å halda
ei hand om den arv som er vår.
 
Her ute er folket så kjende
at alle er granne og ven.
Kjem framande til vil det hende
dei vert ein av oss smått om senn.
For Gossen har rom til oss alle
og tek oss i fang som ei mor,
der gled seg ved vokster og trivnad,
på øya der liljene gror.