Song til Romsdal 2

Bygd: Romsdal
Tekst: Raum
Melodi: Sjå, brør, kor det dagar/Ulfrstad
Kjelde: Unge Romsdal 1933, s. 356



Vår heim det er Romsdal, med havet i vest,
med fossande elvar i fjord,
med lider som klæd seg um våren til fest,
og grender med grøderik jord.
Og attantil stend der med ageleg makt
ein fjellgard so trugen på vakt.

I pins-tid det høyrest fra Veøy ein om
av klokkor frå fedrane her,
som kom hit åt bygdom og rudde seg rom.
Og Veøy - dei hadde so kjær -
som minner um strid millom hamar og kross,
hev au vorte verdfull for oss.

So hardført er livet her ender og gong
i storstorm på fjord og på hav,
med bårone tyt på sin troll-ville song.
So mange dei der fekk si grav.
I hardaste røyning so ljost ein lyt tru,
at alt til det beste vil snu.

Og tider vil koma som morgonen ny
når sola ho renner i aust,
med solblanke tindar og solgylte sky,
og dagsljos som fløymer so raust.
Gud gjev at han kunde få signe vår gjerd,
og hjelpe oss fram på vår ferd!