Song til Romsdal 1

Bygd: Romsdal
Tekst: Svinnset, Peder H.
Melodi: Thorolf Høyer-Finn
Kjelde: Jul i Romsdal 1954 og utklipp av Romsdals Budstikke



Sjå Romsdal i sin prydnad og all sin sæle prakt,
no er det sol og livnad, med alt i sumars drakt
i tronge, djupe dalar og opp i høge skar,
frå myrke vinter-dvale veks alt som trivnad har.
Ja, her er fagre lier, frå fjell og ned til fjord.
Kring tre og stein og tuver dei vene blomar gror.

No reist er Romsdals-byen på ny or aska grå,
med stor og mektig bygnad så han skal ferdig stå.
Og med di vene kyrkja har byen prydnad på,
så herleg ho no spanar opp mot himmel blå.
Ja ny vart Rosebyen, som lysa vil mot fjord,
og staden med idyllen er vide kjend på jord.

Her bonden trottig strevar, og gjer det best han kan,
for med i lag å vera og tryggja folk og land.
Han jorda si lyt rydja, og bort skal rot og stein,
til voll det om vert brigda, med eng så fin og rein.
Han driver seg, den karen, med arbeid uforsagt,
og  sonen har som faren, provins til landet lagt.

I idrott guten tevlar når det er snø for ski,
han over vidda laupar og er som fuglen fri.
Sjå der han kjem frå høgda og utfor hopp det går,
hei gjekk han over ende, ånei, den guten står.
Han som står best på skia, og fyrst kan målet nå,
får vone og med tida å laurbærkransen få.

Her alltid er å finna den staute fiskargut,
som vil på sjøen vinna, og taka der sin lut.
Med  mannemot i barmen og sikker hand på ratt,
sin båt i stormelarmen han trossar båra hardt.
Vil brota båten krengja, han lite vyrder då,
den gut vil ut seg trengja, og rike havet nå

I fjella over fjorden ein Blåstol raust der stend,
og på den høge øya er Søegg langt ut kjend.
Dei stend så høg' og trauste, som merke og for mé,
i frå den ytste røra og inn mot reine led.
Når skøyta derfrå duvar og set mot land sin stamn,
då merke han må hava, for trygg å nå i hamn.