På Eikesdalsvatnet

Bygd: Eikesdalen
Kommune: Nesset
Tekst: Brørs, Sturla
Melodi: Mustalainen/ Nemeth/Merikanto
Kjelde: Viser, songar og dikt frå Eresfjorden og Eikesdalen



Grønt er golvet som vi siglar på.
Loftet er det endelause blå.
Tindan' tøyer seg med tårn og spir -
i det veldes huset vegg det blir.

Oppi blånen kvite skyer sviv
tankar små som vaknar seint til liv.
Veggjen' kopargrøn og brun og grå -
rikdom trur eg at dei gøymer på.

Dagen strøymer blank og varm og fus
gjennom dette steingråbrune hus.
Grøne lauvet skjelv på rind og rant.
Graset kviskrar under bergekant.

Lenger oppe berget snautt og hardt:
stein som aldri vekt til livet vart.
Ovan alle leite tindan' brått
skyt seg opp i gull og himmelblått.

Verda er som dette veldes hus,
tek mot dagen blank og varm og fus.
Tindar er vi opp imot det blå.
Guddomstankar bryt i stenen grå.