Helsing til Rekdal

Bygd: Rekdal
Kommune: Vestnes
Tekst: Ellingsæter, Hanna
Melodi: Barndomshjemmet, svensk melodi



Der Romsdalsfjorden brei forbi seg strekkjer
mot indre Romsdals trauste, trygge fang,
er Rekdalsgardane lagt fint i rekkjer
med vakre bøar over voll og vang.
./. Så ljos og velstelt bygda mot deg smiler,
i krans av skog mot fjella høg og bratt.
Og stolte Rekdalshesten der seg kviler,
han viser sjømann lei ved dag og natt. ./.
 
Når andre kviler ut til våronnstria,
og kosar seg i varme, lune krå --
når glimt av vårsol syner seg i lia,
då travel onn på Rekdal du kan sjå.
./. Då ung og gamal ned til sjøen hastar,
der fiskeskuter stemner inn mot strand,
og tusenvis av fisk på land dei kastar
som der vert turka på den kvite sand. ./.
 
Og sterke slekter - gamle tradisjoner
har faste røter her i denne grend.
Og framsynt ungdom fyllt av tru og voner
drog ut i verda og vart vyrd og kjend.
./. Men om dei armod eller makt fekk vinne,
om heimen vart i hytte eller slott,
eg trur nok Rekdal tidt kjem fram i minne
ein tur til barndomsheimen gjer so godt. ./.
 
Om Rekdalssetra sikkert mange drøymer,
og det er vakkert der en sumarkveld.
Du kjenner freden til ditt hjarta strøymer,
i sakte sus av elv og skog og fjell.
./. Og åfallringje er ein rett som smakar,
so god som her du sjeldan kan den få.
Og seterbu fortel om gamle dagar,
då blåkledd hulder tusla til og frå. ./.
 
Dei beste krefter bygda fram vil føre
i tid, for tid, mot trygge gode kår.
Lat fiskeskuter skapa liv og røre,
og andre tiltak her om framgang spår.
./. På Rekdal er det alltid godt og vera,
eit gjestfritt folk du jamt kan finna der,
og opp og fram, me veit nok det vil bera,
alt godt for Rekdal vil me ynskja her. ./.