Fylket som er vårt 1

Bygd: Møre og Romsdal fylke
Tekst: Marøy, Elias E.
Melodi: Når dagen atter sender/Melchior Vulpius
Kjelde: Ord ved hav



Ein fager lut av landet
det fylket som er vårt.
Sjå fjella høgreist stande
mot himmelranda klårt,
høyr sus frå djupe skogar
og lider langt i aust,
høyr brus der sjøen sjogar
og havet bårar baust.

Her talar gamal soge
om tid då baunar brann,
då svirra pil og boge
mot fårleg fiendsmann.
Og sidan yngre ætter
har halde bogen spent
i strid for det som rett er
og rette vegen vendt.

Sjå alle vene grender
på øy, ved fjord, i lid
med tusental av hender
som nøyter vel si tid.
Og kvart eit hjul som svingar,
og kvar ei arbeidshand,
dei lagar lukkeringar
for fylke og for land.

Sjå kjølens kvite furer
på utferd sud og nord,
heilt opp der isfjell skurer,
med gjæve menn ombord.
Gud hjelpe dei der ute
i storm og skoddesveim.
Ut siglde mang ei skute
som ikkje kom seg heim.

Til framgang er me skapte,
me dertil fekk vår hug,
og om me stundom tapte,
me miste ei vår hug.
So friskt som flagget blakrar
vår vilje er og von:
Å gjere fylket vakrar
og verja det mot tjon.

Å strekkje fossens armar
til yste odd og øy,
so lyser den og varmar
og gagnar mann og møy.
Med stål gjennom fjellet
å kløyve kvasse nut,
det aukar Noregs velde
å byggje inn og ut.

Gud sign vår lut av landet
og heile Noregs land,
du styrke broderbandet
frå hav til auster-rand.
I skule, heim og kyrkje
du liv og vokster gjev.
Gud sign kvart ærlegt yrke
og hugheilt samfunnsstrev.