Bygda mi

Bygd: Nesjestranda
Kommune: Molde
Tekst: P. L. N. ( Peder L. Nesje)
Kjelde: Unge Romsdal 1934, s. 24-25

Frid er ho bygda mi
so som ho ligg der,
fagrar frå tid til tid
-  perla av bygder.
 
Fjorden som sylvblank flaum
skvalar om stranda,
flyt med den store straum
vidar om landa.
 
Fjelltindar rundt ikring
sparar seg over,
murar seg traust ein ring
trygding oss lovar.
 
Skogen vil tung og myrk
fjellgrunnen vinne,
ringar og var og vyrk
gardane inne.
 
Ligg ho den odla jord
 - ned i mot sjøen,
der i den stille fjord
speglar seg bøen.
 
Sjå ifrå fjellet ned
bygda å kvila,
endå i morgonfred
solgylt å smila.
 
Sjå ho med liv som svell
i vaknande sumar.
Sjå ho med lauv som fell
og døyande blomar.
 
Sjå ho med sumarsol
fløymande over.
Sjå når lid fram til jol
snøklædd ho sover.
 
Ja, bygda av bygder best,
fremst skal du stranda
alltid eg elska mest
vil Nesjestranda.