Bygda mi

Bygd: Romsdal / Alle bygder
Tekst: V.
Melodi: Blandt alle lande



Kor du er fager vår Romsdals*)-bygd,
med fjell omkransa og liv i trygd.
Med heimar vene og markar pene
i heimebygd.
 
Kor du er fager - med sus i li
ein vinterdag med gut på ski.
Og solsglime i middagstime
om kaldt kan bli.
 
Men fagrast er du i vårdags skrud.
Med blomeprydnad - rett som ei brud.
Og liar grøne og sang på møne
med pris til Gud.
 
Sjå brydden fagert av molda gror,
og fuglar syng her so høgt i kor.
Og blomstervasar i store klasar
på heggen gror.
 
Slikt fargespel kan du aldri sjå
som markar grøne med blomar på!
Dei Skapar priser, dei oppad viser
til himlen blå.
 
Sjå bjørka svagar i luftdrag lint,
og selje, ore stend og so fint.
Å, symra kvilar, skogstjerna smilar
om det er skrinnt.
 
Kor du er fager ein somarkveld,
når kveldsol glimar i alle fjell.
Kvart strå seg voggar - og jorda doggar
kvart bakkeheld.
 
Sjå fjella stend der so traust og grå
med brear mange - ja kåpa på
og stolte tindar med barneminnar
mot himlen blå.
 
Kom, sjå den herlige Guds natur
ved solarenning i fjell og ur!
Der elva turar og fossen durar
som venast lur.
 
Sjå, sola gyllar då kvar ein stein,
og lufta er både klår og rein.
Og gauken galar - alt liksom talar
til kvar og ein.
 
Ein haustardag - å kor fin du er,
med åkrar gule og eple, ber!
Om storm frå vesten kjem seint på hausten,
her trygt lell er.
 
Av alle bygder i aust og vest
er Romsdals*)-bygda mitt hjarte nest.
Når deg eg saknar, då lengsel vaknar
som aller mest.
 
Her fedrar stridde i tusen år,
mitt liv, mitt arbeid her ut eg sår.
Om ikkje dunar - det litt då munar
kvart år som går.
 
Kvar helst eg elles i verda for,
eg aldri gløymer mi bygd i nord.
For folkelynne hev same sinne
som far og mor.
 
*) Istaden for Romsdalsbygd kan ein syngja: Tresfjord-, Bolsøy-, Fræna-, Vistdals- eller Måndalsbygd o.s.b. om ein vil.