17. mai song

Bygd: Eikesdalen
Kommune: Nesset
Tekst: Utigard, Trond
Melodi: L.M Ibsen Mens Nordhavet bruser (tilpasset)
Kjelde: Viser, songar og dikt frå Eresfjord og Eikesdal / Red. Bersvein Leirvoll



17.mai med glede og song,
høg fest i rosernes fylgje.
Fest i natura og fest i vårt sinn,
ljos over land og på bylje.
Krafta seg yppar i andeham,
and og natur gjeng i eining fram.
 
Ligg det her Noreg i festleg skrud,
vårgrøne lider og vollar.
Over stig fjellet i nord og sud,
i aust ligg dei snødekte kollar.
Ungdom festar i land og by,
småfuglen kvittrar i hage og lid.
 
Folket er vakna or dvalen lang.
Noreg for nordmenn skal vera.
Slitne er banda som kuva vår trong,
yrkje i fridom vår era.
Odlast i kjærleik skal Noregs land,
nordmenn skal råda bå dal og strand.
 
Sjå kor det lavar av epleblom,
sume utsprotne og sume som sprett.
Spår om ein sumar som etter kjem,
raudnande eple som smilar lett.
Livskrafter gjerar og strøymer,
livet i vingule draumar.