Øya vår / Harøysong

Bygd: Harøya
Kommune: Sandøy
Tekst: Marøy, Elias E.
Melodi: Ole E. Huse
Kjelde: Ord ved hav / Unge Romsdal 1935, s. 291



Ytst i mot brynet,
lita for synet,
sjå her ligg øya vår kransa av skjer.
Myrbrun og mager,
lell er du fager,
fager fordi at vår heimstad du er.
 
Vinterkald polvind,
sumarvarm solvind
bytest å vera din vissaste gjest.
Men kringom strender
grønkande grender
fedranes arbeid til øya har fest.
 
Havet som stormar,
havet som dormar,
syng over øya sin dårande song.
Havet som rullar,
havet som sullar,
voggar til guten sin eventyrsong.
 
Sjå her ligg øya,
fager som møya,
vinkar og ventar på dådsterke gut.
Morgonsol gyller ho,
ungdomsvon fyller ho.
Her vil me leva i gleda og sut.