|
Lover for Romsdal sogelag
Vedtatt på årsmøte 4. mars 1997
§ 1. Formål
Laget har til formål å vekkje sansen for eldre kultur og levevis
i Romsdal, og med sogearbeid knyte bandet fastare mellom fortid og framtid.
§ 2. Medlemsskap
Medlemmer blir alle som betaler den årskontingenten som til kvar
tid er fastsett av årsmøtet.
§ 3. Skrifter
Kvart år gir laget ut eit årsskrift. Skriftet blir sendt til
dei medlemmene som har betalt kontingenten for dette året. Laget
kan også gi ut andre sogeskrift.
§ 4. Styret
Eit styre på fem medlemmer blir valt på årsmøtet.
Leiaren blir valt ved særskilt val for eitt år. Dei andre
blir valde for to år om gongen såleis at to går ut skiftevis.
Styret vel nestleiar, skrivar og kasserar. Skrivar og kasserar treng ikkje
vere medlem av styret. Styret er vedtaksført når leiar eller
nestleiar og minst to andre styremedlemmer er til stades. Leiaren bind
laget økonomisk og juridisk med si underskrift.
Styret vel eitt medlem, i tillegg til leiaren, til medlemmer av styret
i Margit og Morten Parelius minnefond.
§ 5. Årsmøte
Årsmøtet skal haldast i første kvartal kvart år,
og det skal vere tillyst minst ei veke før.
Årsmøtet skal behandle desse sakene:
- Styrets framlegg til årsmelding
- Revidert regnskap for føregåande år
- Styrets framlegg til arbeidsprogram og budsjett
- Fastsetting av kontingent
- Eventuelt innkomne saker. Desse må vere innkomne til styret
innan 1. januar.
- Revidert rekneskap for Margit og Morten Parelius minnefond skal
refererast for årsmøtet.
- Val:
a. Leiar for eitt år
b. To styremedlemmer for to år
c. Tre varamedlemmer til styret for eitt år
d. Ein revisor for eitt år
e. Ein eller fleire ansvarlege redaktørar for årsskriftet
for eitt år
f. Valkomite på tre medlemmer for eitt år.
Stemmerett på årsmøtet har alle som har betalt årskontingent
innan møtestart. Årsmøtet sjølv avgjer om
nokon kan stemme med fullmakt.
§ 6. Lovendring
Framlegg til lovendring må vere styret i hende 1. januar, og må
på årsmøtet ha eit fleirtal på 2/3 av dei frammøtte
for å bli lov.
§ 7. Ekstraordinært årsmøte
Ekstraordinært årsmøte skal haldast når styret
gjer vedtak om det, eller minst 100 medlemmer krev det. For innkalling
og møtevarsel gjeld reglar som for ordinært årsmøte.
Ekstraordinært årsmøte kan berre ta opp saker som
er kunngjorde i innkallinga.
§ 8. Oppløysing
Laget kan løysast opp når to årsmøte på
rad har gjort vedtak om oppløysing med 2/3 fleirtal. Lagsarkivet
skal gå over til Romsdalsmuseet. Andre aktiva skal gå over
til Margit og Morten Parelius minnefond.
|