Bygdesongar

No kan du sjå resultatet av vår innsamlingsaksjon av bygdesongar.

Vi takkar hjarteleg alle som har sendt inn songar.

Dette arbeidet blei langt meir omfattande enn vi drøymde om. Vi har til no samla inn ca. 150-160 songar eller dikt. Vi er langt fra ferdig enno, men plana er at kvar song skal presenterast med tekst og noter. I tillegg skal det leggjast på ei lydfil der ein som minimum får melodistemma. Dei lokalt laga melodiane tek vi sikte på å legge ut med notar og lyd med 4-stemmig harmonisering.
 
Ved å klikke på pilane over kvar kolonne, kan du få alfabetisk oversyn over tittel, førsteline, geografisk stad, kommune. eller tekstforfattar. Som sagt er vi ikkje ferdige enno, men alle songane vi har fått tak i er no lagt ut med dei viktigaste opplysningane, sjølv om tekst og noter ikkje er ferdig. Vi jobbar på spreng, så dette vil endre seg frå dag til dag.
 
Ser du at vi manglar ein song som du har, er vi svært takksame om du tek kontakt.

 


Publisert 25. Apr 2013

Siste nytt

Slide1.jpg
15. Apr 2024

Skrivekurs

Invitasjon frå Haram historielag. Åpne bildet i ny fane, så blir det meir lesbart.

9. Apr 2024

Nye melodiar til bygdesongar

Komponisten Guttorm R. Ullvund har laga ei mengd nye melodiar til dikt som vi ikkje har funne melodiar til tidlegare. Alle melodiane er enkle, lettsungne og fengande. Han har fått hjelp til å arrangere songane av Arnold Farstad. Notar og lydfiler til desse nye songane finnst no under fana Bygdesongar : Lilja, Naar sommeren kommer (Bergsviksetra), Ein vårmorgon på Veøya, Mardalsfossen 1-2, Aandalsnes, Finnøy, På Tiltereidet og Sommar i Eikesdal.  Spesielt vil vi nemne det storfelte hyllingsdiktet til Romsdal, Lilja, som Ingvald Raknem skreiv i 1932. Her er noko å tenke på for arrangørar av 17. mai-tilstellingar!

9. Apr 2024

Det datt ned ein binders

Sogelaget har tidlegare gjeve ut Eirik Moens underfundige kåseri, både som trykt bok og som lydbok på kassett. No har vi fått digitalisert lydboka der Eirik Moen les sine eigne tekster, og gjort den tilgjengeleg her på heimesida vår. Du finn den under fana Tekster, eller her: https://www.romsdal-sogelag.no/tekster Lydfilene ligg ordna slik teksten står i den trykte boka, 55 kåseri i alt. Boka kan framleis kjøpast, kr 100.

Styret2024,5.jpg
14. Mar 2024

Årsmøte 2024

Årsmøtet blei halde på Krona, Romsdalsmuseet med svert god deltaking og god stemning. Dei viktigaste vala var samrøystes med dette resultatet:

Leiar: Bjørn Austigard (attval for 1 år)

Styremedlemmer: Soveig Flemmen (attval for 2 år) og Kenneth Staurset Fåne (ny, for 2 år. Per Arnt Harnes og Mads Langnes var ikkje på val.

Redaktørar: Per Arnt Harnes, Dag Skarstein og Turid Leirvoll Øverås (alle attvalde for 1 år).

> NYHETSARKIV