Medlemstur 28. april

Reiseruta gjennom dei gamle kommunane frå før 1964. (Kjelde: Romsdalsmuseet)

Etter at Sogelaget i åra 2011-2017 har arrangert tur frå Molde til alle omkringliggande romsdalskommunar, går turen i år på sørsida av Romsdalsfjorden. Vi skal reise gjennom dei gamle kommunane Vestnes, Tresfjord, Veøy, Voll, Grytten, Hen, Eid, (Veøy), Bolsøy og Molde. (sjå kartet) Her er ei rad med ulike kyrkjer, og dei færraste har reist her med guide i bussen.
 
Tid: Laurdag 28. april. Kjentmenn er Bjørn Austigard og andre engasjerte.
 
Opplegg: Start på ferjekaia i Molde 09.30, ferja går 09.45. Det blir m.a. stopp ved Vestnes kyrkje (1872), rundt Tresfjorden til Tresfjord kyrkje (1828), forbi Vike, Gjermundnes og Hjelvika til Vågstranda kyrkje (1870). Aktuelle stikkord er også østers, vete/varde, industri og tunnelar. Stopp ved Voll kyrkje (1896) og Vollagarden, vidare forbi Hovde og Søvika til Innfjorden og gjennom Innfjordtunnelen til Veblungsnes og Grytten kirke (1829).
Det blir middag på Norsk Tindemuseum/Spiret Spiseri som serverer Kyllinggyte med ris, brød og smør (mjølk, gluten i brødet). Frå Åndalsnes går turen til Hen kyrkje (1831/1835), ei svært spesiell kyrkje bygd i naturstein. Her stod det ei stavkyrkje heilt til 1836. Frå Isfjorden kjører vi vidare gjennom Eid (gamle) kommune, ser så vidt på Monsåsstabburet og Eid kyrkje i Eidsbygda. (Rødven når vi ikkje denne gongen.) Ferje Åfarnes-Sølsnes med stopp ved Veøy nye kyrkje (1907) i drakestil. Etter dette går turen attende til Molde gjennom Fannefjordtunnelen.
Merknad: Her vart det mange kyrkjer, men vi garanterer at også anna bygdekultur blir med!
 
Pris: kr 400,-  (ikkje-medlemmer kr 500,- så det løner seg å vere medlem)
 
Påmelding til:
Bjørn Austigard, mobil 976 61 964, e-post: post@romsdal-sogelag.no
Siste frist: Onsdag 25. april. Betal gjerne til 3980.25.17495 når du veit at du har fått plass.

Publisert 30. jan. 2018

Siste nytt

30. jan. 2018

Medlemstur 28. april

Reiseruta gjennom dei gamle kommunane frå før 1964. (Kjelde: Romsdalsmuseet)

23. jan. 2018

Årsmøte 2018

Årsmøtet er no bestemt lagt til Gildehallen den 6. mars kl 19. Innkalling vil snart bli send alle medlemmer. Der vil ein og få informasjon om medlemsturen 28. april
IMG_6446.JPG
10. des. 2017

Kortgardboka i salg

Kortgardboka av Per Arnt Harnes blei lansert 10. desember 2017. Boka som er på 269 sider, omtaler det rike næringslivet som har vært i bygda, både industri- og håndverksbedrifter og handel. Dessuten skole, kommunikasjoner og kulturlivet med lag og foreninger. Boka har en mengde både gamle og nye bilder, mange har aldri vært vist offentlig før. Som billag følger et navne- og stedsregister. 
 
Boka er til salgs i utvalgte butikker og bokhandler for kr 400.
Vi kan tilby boka til medlemspris kr 350.
53722-Gulltransporten-omslag.jpg
8. okt. 2017

Gulltransporten i nytt opplag

Gulltransporten – dramaet dag for dag er nå kommet i nytt opplag og er til salgs i bokhandelen. Kan også bestilles på post@romsdal-sogelag.no.
 
Medlemspris kr 225. 
Pris i bokhandel kr 275.

> NYHETSARKIV