Parelius-seminaret 2018

Tema: Den nynorske songskatten
Seminaret blir leia av professor Terje Aarset, og med seg har han Beate Mordal (sopran) og Radmila Stojkovic (piano).
Tid: Tysdag 20. mars kl. 18.30-21.00
Stad: Krona, Romsdalsmuseet, Molde
Pris: kr 150,- pr. pers.
Påmelding: Bjørn Austigard, Birkelandvegen 1A, 6416 Molde
Tlf. 976 61 964. E-post: post@romsdal-sogelag.no
Påmeldingsfrist: Søndag 18. mars 2018

Omtale: Vi har ein rik skatt av nynorske songar og salmar. I mest alle norske songbøker finn vi songar av Aasen, Vinje og Garborg, og i salmebøkene (med førti prosent nynorskinnslag) møter vi salmar av Elias Blix, Anders Hovden, Bernt Støylen og andre. I dette programmet får vi presentert eit rikt utval av desse songane og salmane. Terje Aarset fortel om bakgrunnen for tekstene og tonane. Dei mest kjende songane vil publikum få ta del i som allsong. Innimellom vil vi få høyre songar med tilknyting til Romsdal, til tekster/tonar av m.a. Anton Aure (frå Fræna), Brynjulf Salthamar (frå Vestnes) og Bjørn Sæbjørnson (frå Harøya). Desse songane vil sopranen Beate Mordal framføre, akkompagnert av Radmila Stojkovic på piano. Ho vil òg syngje solo på nokre av dei andre songane.

 

Terje Aarset (f. 1945), frå Årsetdalen, Vartdal. Lærareksamen i Volda 1968, tysk mellomfag ved Noregs lærarhøgskule i Trondheim 1971, norsk hovudfag 1974. Vitskapleg assistent ved Nordisk institutt, Universitetet i Trondheim, 1975–77. Kom til Møre og Romsdal distriktshøgskule, Volda, i 1978. Professor i norsk språk ved Høgskulen i Volda frå 2009 til 2014. Har siste tretti åra særleg arbeidd med Aasen og Aasen-tekster. Gav i åra 1992–2006 ut ti band uprenta Aasen-tekster i Serie A. Skrifter frå Ivar Aasen-selskapet (saman med Jarle Bondevik og Oddvar Nes), og han har gjeve ut fire nyutgåver av Aasen-bøker, m.a. Norsk Ordbog (saman med Kristoffer Kruken, 2003). Aarset har elles redigert og gjeve ut ei rekkje bøker innanfor emna litteratur, bibliografi, lokalhistorie og musikk. Har skrive om lag 70 artiklar om norske (særleg nynorske) songar og salmar. I 2009 gav han ut Den nynorske songskatten, og i 2013 kom Ivar Aasens diktsamling Symra i ny, kommentert utgåve.

 


Publisert 25. Jan 2018

Siste nytt

Slide1.jpg
15. Apr 2024

Skrivekurs

Invitasjon frå Haram historielag. Åpne bildet i ny fane, så blir det meir lesbart.

9. Apr 2024

Nye melodiar til bygdesongar

Komponisten Guttorm R. Ullvund har laga ei mengd nye melodiar til dikt som vi ikkje har funne melodiar til tidlegare. Alle melodiane er enkle, lettsungne og fengande. Han har fått hjelp til å arrangere songane av Arnold Farstad. Notar og lydfiler til desse nye songane finnst no under fana Bygdesongar : Lilja, Naar sommeren kommer (Bergsviksetra), Ein vårmorgon på Veøya, Mardalsfossen 1-2, Aandalsnes, Finnøy, På Tiltereidet og Sommar i Eikesdal.  Spesielt vil vi nemne det storfelte hyllingsdiktet til Romsdal, Lilja, som Ingvald Raknem skreiv i 1932. Her er noko å tenke på for arrangørar av 17. mai-tilstellingar!

9. Apr 2024

Det datt ned ein binders

Sogelaget har tidlegare gjeve ut Eirik Moens underfundige kåseri, både som trykt bok og som lydbok på kassett. No har vi fått digitalisert lydboka der Eirik Moen les sine eigne tekster, og gjort den tilgjengeleg her på heimesida vår. Du finn den under fana Tekster, eller her: https://www.romsdal-sogelag.no/tekster Lydfilene ligg ordna slik teksten står i den trykte boka, 55 kåseri i alt. Boka kan framleis kjøpast, kr 100.

Styret2024,5.jpg
14. Mar 2024

Årsmøte 2024

Årsmøtet blei halde på Krona, Romsdalsmuseet med svert god deltaking og god stemning. Dei viktigaste vala var samrøystes med dette resultatet:

Leiar: Bjørn Austigard (attval for 1 år)

Styremedlemmer: Soveig Flemmen (attval for 2 år) og Kenneth Staurset Fåne (ny, for 2 år. Per Arnt Harnes og Mads Langnes var ikkje på val.

Redaktørar: Per Arnt Harnes, Dag Skarstein og Turid Leirvoll Øverås (alle attvalde for 1 år).

> NYHETSARKIV