Skipstuft frå vikingtid

Til minne om: Historisk stad
Type: Minnestein
Kommune: Vestnes
Stad: Tresfjorden, Sylte
Reist av: Tresfjord museumslag
År: 1945

Innskrift forside:

Skipstuft
frå
Vikingtid
 
 
Reist av
Tresfjord museumslag
1945
 

Innskrift bakside:

[Ingen]

Omtale:

Ein minnestein på Vikingsskips-tufti på Røysn på Sylte vart reist i 1945. Det var stemne med prolog av [Finn H.] Anfindsen, tale av Konrad Nerheim. Samtidig gav skipsbyggjarane i Tresfjord ein ottringsmodell til museet. Han var bygt av Knut O. Wik på Vik i Tomrefjorden. (Sitat frå: Tresfjord museumslag. Årsmelding 1953. Bergen 1954. s. 5)
 
Martinus Løvik skriv: 
Drivkrafta for å få opp steinen var truleg Agnar Skeidsvoll. Steinen står omlag 300 meter nord for kyrkja, på oppsida av riksvegen som her går nær fjøra. Syltenausta er like nordanfor, ved enden av Hoemsstranda. Steinen har innskrift berre på framsida. Dette var opphaveleg ei fin og tydeleg, nokså symmetrisk tuft/grop på oppsida av riksvegen. Vegen er seinare både heva ein del og utvida, og det er kome til eit hus og eit hagegjerde, der steinen står på innsida. Vollen som var sørsida av ‘skipstufta’ er delvis vekkgraven, og tufta er derfor mindre tydeleg enn den var då steinen vart sett opp. Huset har stått i fleire ti-år. Martikkeleininga gnr. 13, brn. 42, som ser ut ut til å omfatte steinen og ein del av tufta, vart oppretta i 1958. Eg kjenner ikkje til om det har vore noka utgraving her, truleg ikkje. Dokumentasjonen av skipstufta er nok ikkje sterk, ut over lokalisasjon og utforming.
Adressa er Tresfjordvegen 740.

 

20170401_193750.jpg 20170401_193807.jpg 20170401_193656.jpg Viking5.jpg 20170401_193840.jpg