OIB 1866

Type: Minnestein
Kommune: Nesset
Stad: Tjelle, Skjenstøberget
År: 1866

Innskrift forside:

OIB 1866
AT
LIB
OIT
HOT
KR
IBOM

Omtale:

Steinen er omlag 3 m lang og bortimot 1 m på det høgste.
 
Bjørn Austigard skriv:
I Tjellesvingen - mellom Tjelle og Trollmyra – ligg ein stein i vegkanten. Lorentz Tjelle opplyste 23.08.1981 at steinen er flytta dit, men han visste ikkje kvar han opphavleg stod. Det er att sementrestar på steinen, noko som viser at han må ha hatt ein annan funksjon.
Initialane HOT står for Hans Olsen Tjelle (1845-1926) frå Iva-garden gnr.bnr 13/5.
 
Karl Tjelle har notert dette i 1964:
Denne steinen var reist av arbeiderne som arbeidde der år 1866. Det er innhugget 7 forskjellige navn. OIB var mulig en formann.Det var noen faste folk og en del pliktarbeidere. Steinen var en stabbestein og sto som sådan til året 1925 da vi utbedret svingen. Da vi skaut av Hammaren, så var det en stein som skubba den utfor.
 
  

Les meir:

Ottar Roaldset: Gards- og ættesoge for Nesset. Bind 1, s. 325-26 

Tjelle1.JPG Tjelle2.JPG Tjellesvingen (2).JPG