HK OG HG 1872

Type: Byggverk
Kommune: Nesset
Stad: Eikesdalen, Brønnhøbrøstet
År: 1872

Innskrift forside:

HK
OG
HG
1872

Omtale:

Bjørn Austigard skriv:
Ferdselen mellom Eikesdalen og Lesja er eldgammal. Kløvvegen/stien gjekk opp frå Finnset, og ei av rutene gjekk over Brønnhøbrøstet og vidare innover om Aursjøen. For den som for med hest eller krøter var det tre hamrar som var vanskeleg å passere, derfor vart det i 1872 bygd  “murar” på desse stadene. Ved Inste Muren vart det reist ein stein med initialane HK, OG og HG 1872
 
Desse bokstavane står for
Halvar Knutsen (Finnset) f. 1835
Ole Guttormsen (Finnsetgjerdet) f. 1827
Hans Guttormsen (Finnsetgjerdet) f. 1833
 

Les meir:

 
Muren2.jpg Muren3.JPG