Eystein Magnusson

Til minne om: Historisk stad
Type: Bauta
Kommune: Fræna
Stad: Hustad
År: 18??

Innskrift forside:

N      M
I       A
E     G
T      N
S      U
Y      S
E      S
        O
        N
 
 
KONGE
I NORGE
1103 - 1122

Innskrift bakside:

På ei tavle ved vegen har det stått:
KONGEBAUTAEN
Bautaen er reist til minne om
kong Øystein Magnusson som
døde under et opphold på
kongsgården Stim på Hustad
den 29. august 1123

Omtale:

På slutten av 1800-talet vart det sett opp ein bauta for å markere kongsgarden sjølv om den eksakte plasseringa er ukjent.
 
I følgje Snorre hadde kong Øystein Magnusson kongsgard på Hustad og døydde her i 1123. Øystein var son til kong Magnus Berrføtt, halvbror til Sigurd Jorsalfare og var rekna som ein viktig riksbyggjar. På denne tid var det og truleg også ei kyrkje på garden. Forholdet mellom kongen og kyrkja var sentralt denne første tida og det er vanskeleg å tenkje seg ein viktig kongsgard utan ei kyrkje nær ved.
Kor lenge det har vore kongsgard på Hustad veit ein ikkje, men det er ikkje utenkjeleg at den går tilbake til Harald Hårfagre si tid.
 
 

Les meir:

Sjå og Øystein Magnusson

DSCN1187.JPG DSCN1185.JPG DSCN1189.JPG