Bautastein

Type: Bauta
Kommune: Midsund
Stad: Tautra

Omtale:

Vest for nausta på gnr 40, bnr 1 på Tautra, og om lag 40 meter frå sjøen ligg ei gravrøys med ein diameter på 22 meter, delvis overgrodd med tre, og med ein stor bautastein på toppen. Denne bautasteinen er 5 m høg, 65 cm brei og 15 cm tjukk. Det er fortalt at han tidlegare låg nede, men at han blei gjenreist av nokre sterke karar ved eit bryllaup i kring 1920.
(Midsund Gard og Slekt, band 1, side 314)
Folkeminne
I den tida det budde troll her i landet, budde det eit på Otrøya og eit på Brustindane. Så blei desse to trolla uforlikte og begynte å skyte på kvarandre. Men pilene dei brukte rakk ikkje lenger enn til Tautra, og der står dei den dag i dag med spissen i jorda.

Les meir:

Johan Julnes: Midsund Gard og Slekt band 1, side 314-315
Tautra-m.jpg