Aukra prestegard

Til minne om: Historisk stad
Type: Bauta
Kommune: Aukra
Stad: Aukra prestegard

Omtale:

Desse 4 bileta er ved innkøyrsla til Aukra prestegard og viser ein gammal bautastein. Etter det som vert sagt, vart steinen flytta litt under vegbygging i 1940-åra.
Ca. 1 m av steinen stikk opp av jorda, men det er nok ein stor del av den under torva også. Første biletet viser bautasteinen der vegen går opp til prestegarden mellom kyrkja og prestegarden. Det andre viser sida som vender mot fylkesvegen. Det neste bilet er slik steinen ser ut på baksida. Siste bilet er fotografert frå baksida mot fylkesvegen og Aukra gartneri på andre sida av vegen.
Randi Ingunn Selnes
 
Aukra prestegard1.JPG Aukra prestegard2.JPG Aukra prestegard3.JPG Aukra prestegard4.JPG