Akerø/Bolsø

Type: Grensestein
Kommune: Molde
Stad: Djupdalen

Innskrift forside:

Akerø/Bolsø

Omtale:

Svein Rød skriv:
Før bygginga av Haukabøtunellen stod det ein staseleg grensestein på nordsida av vegen i Djupdalen, truleg reist etter kommuneinndelinga i 1837. På venstre sida av ein loddrett strek stod det AKERØ og på høgre BOLSØ. Steinen kom i vegen for utbygginga og måtte fjernast, men så vidt eg minnest, vart det lova at han skulle setjast på plass att når vegen var ferdig.  I dag er ikkje steinen å sjå for farande langs hovudvegen.
 
For meg var steinen eit kulturminne. Kvar gong eg for forbi fortalde han, ikkje berre om ei kommunegrense før Schei-komitéen, men og om ei grense som går mykje lengre tilbake i tid - grensa mellom Aukra og Veøy prestegjeld da det var berre tre prestegjeld i Romsdal (Grytten, Veøy og Aukra). Og kanskje har grensedelet i Djupdalen røter endå lengre tilbake i tid - .
Viss du tek gang- og sykkelvegen frå Molde mot Haukabøen, kan du sjå steinen også i dag.
 
Den ein gong så ærverdige grensesteinen er nå plassert på ein lagerplass, djupt i sand og dandert med ein steinkrets av framandt geologisk opphav.
Akerø.jpg Akerø1.jpg