|
Spørsmål til medlemmene
I same sending som Årsskrift legg vi ved spørsmål til medlemmene om emner som kan bli til artiklar i komande Årsskrift. Nedanfor finn du årets spørsmål.
Spørsmål til medlemmene
1.
Korleis lærte ein symje (svømme) før skulen fekk ansvaret for dette i symjehallar?
Sogelaget vil gjerne vete korleis, og kvar dette gjekk føre seg frå dei ytste øyar til fjellgardane.
Korleis såg folk på denne aktiviteten?
I det heile ønskjer ein at du skriv ned alle minna dine om dette. Det gjeld både om du er ung eller gammal.
2.
Kjenner du stadnamn som t.d. Gristrøa, Porkesteinen og Porkeholmen som fortel om at desse husdyra gjekk ute?
Kva innhald legg du i orda gris, galte, purke (uttala porke)?
Vart ord som råne, svin, sugge og honemninga gylte (av galte) brukt?
Kjenner ho stader med namn som Galten, Porkå, Galteryggen, altså lokalitetar som har vore samanlikna med dyret eller delar av dette omtykte husdyret?
Har du elles minne frå handel med smågris?
3.
Har du Ex Libris-merke i bøkene dine, eller kjenner du nokon som har det?
Romsdal sogelag driv med ei registrering av slike merke, og Svein Erik Skarsbø som er fagmann, vil skrive ein artikkel til Årsskrift 2009. Vi er derfor interessert i at du tek kontakt med han.
Send svara til Kåre Magne Holsbøvåg, Osen, 6453 Kleive (spm. 2),
Svein Erik Skarsbø, Amtmann Hammers veg 14, 6413 Molde, tlf.: 71 25 32 47/906 11 612, e-post: sskarsbo@online.no(spm.3) eller Bjørn Austigard, Lergrovikv. 5 B, 6419 Molde
Telefon 976 61 964, e-post: post@romsdal-sogelag.no
|