ÅRSMØTE I ROMSDAL SOGELAG

Årsmøte i Romsdal sogelag vart halde på Gildehallen, Romsdalsmuseet, Molde 11. mars 2010 kl. 1900.

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I ROMSDAL SOGELAG, 11. MARS 2010

Møtet vart halde i Gildehallen på Romsdalsmuseet i Molde. Då møtet tok til kl. 19.00 var 27 personar til stades, inkludert styret på fem personar.
Styreleiar Bjørn Austigard ønskte velkommen, opna møtet og orientert om vedtekter og gangen i årsmøtet. Det var ingen merknader til innkallinga.
 Val av ordstyrar og referent
Bjørn Austigard vart valt til ordstyrar og Mads Langnes til referent.
 Styret sitt framlegg til årsmelding for 2009
Styret sitt framlegg til årsmelding for 2009 vart gjennomgått og lese opp i utdrag av ordstyrar Bjørn Austigard. Det var ingen merknader, og styret sitt framlegg til årsmelding vart vedteke.
 Revidert rekneskap for 2009
Den reviderte rekneskapen for 2009, inkludert notar, vart referert av kasserar Bjørg Sandøy. Det var ingen merknader frå dei frammøtte, og den reviderte rekneskapen vart så godkjent.
 Styrets framlegg til arbeidsprogram og budsjett for 2010
Styret sitt framlegg til arbeidsprogram og budsjett for 2010 vart gjennomgått av ordstyrar Bjørn Austigard. Det vart orientert om det nært føreståande Pareliusseminaret og dei andre planane utetter året. Det var ingen merknader til framlegget, og arbeidsplana og budsjettet vart vedteke.
 Fastsetting av kontingent for 2011
Styret sitt framlegg om å halde fram med ein kontingent på kr. 250,- også i 2011 vart vedteke. To av dei frammøtte kommenterte saka. Revisor stod for ein av desse kommentarane, og peika på at kontingenten vart heva i 2009. Etter revisor sitt syn burde kontingenten snøgt hevast att, då den knapt dekker drift av laget og utgjevinga av årsskriftet. Leiar svarte til dette at kontingenten er høg nok til drifta av laget. Det er andre bokutgjevingar og deltaking i prosjekt som gjer at det vert underskot enkelte år. Mykje av underskotet skuldast óg at utgifter og inntekter ikkje alltid kjem i same rekneskapsår. Dessutan har laget ein svært god likviditet. Det kom etter dette ingen framlegg om endring av kontingenten.
 Innkomne saker
Det var ingen innkomne saker.
 Referat frå Margit og Morten Parelius’ minnefond
Årsmelding og rekneskap for 2009 vart gjennomgått av Bjørn Austigard. Det vart opplyst om at vel så ein og ein halv million kroner har vorte utdelt frå fondet frå oppstarten i 1996, men at det grunna eit negativt resultat for fondet i 2008 ikkje vart delt ut midlar i 2009. Det var ingen spørsmål til denne orienteringa.
 Val
Arbeidet i valkomiteen har vorte utført av Per Bjørn Ellingseter, Signy Haraldsen og Hallvard Aarø. Komiteen sitt framlegg vart presentert for årsmøtet av Per Bjørn Ellingseter. Det kom eit benkeforslag frå Bjørn Austigard om at ein som eit tillegg til valkomiteen sitt framlegg skulle ha med Mads Langnes i redaksjonskomiteen. Alle framlegg frå valkomiteen og benkeforslaget frå Bjørn Austigard vart samrøystes vedtekne med akklamasjon. Som ny medlem i valkomiteen vart John A. Aasen foreslått og samrøystes valt. Følgjande vart valde:
Leiar: Bjørn Austigard (attval for 1 år).
Styremedlemmer: Bjørg Sandøy og Rolf Strand (begge attval for to år). (Dag Skarstein og Mads Langnes var ikkje på val).
Varamedlemmer: Rannveig Jenset, Edmund Søvik og Aud Sæbjørnsen (alle attvalde). Alle for 1 år.
Redaktørar: Bjørn Austigard, Dag Skarstein, Rolf Strand (alle attvalde) og Mads Langnes (ny) Alle med funksjonstid 1 år.
Revisor: Konrad Moe, vara Anders Fegth (begge attvalde med funksjonstid 1 år).
Valkomité: Signy Haraldsen, Per Bjørn Ellingseter (ikkje på val, høvesvis 1 og 2 år att) og John A. Aasen (valt for 3 år).
Ordstyrar Bjørn Austigard takka valkomiteen for arbeidet, for tilliten han vart vist ved attvalet som styreleiar for 27. gong og for samarbeidet med dei andre styremedlemmane. Ordstyraren spurte om det var merknader til årsmøtet, noko det ikkje var – og årsmøtet var formelt slutt kl. 19.50

Etter det formelle programmet vart det servert kaffi og kaker. Dei frammøtte fekk deretter sjå filmen ”Jeg velger meg Bjørnson”. Filmen er laga av skuleelevar frå Nesset i samband med Bjørnsonåret 2010, og forsamlinga sette stor pris på dette innslaget.
Programmet var slutt kl. 21.00

Mads Langnes
Referent