PARELIUS-SEMINARET

Dette er eit fag-seminar som Romsdal sogelag arrangerer kvart vår. Fagfolk blir engasjert til å halde 3-4 foredrag om eit tema/emne. Deltakaravgifta er rimeleg fordi storparten av reise- og honorarutgiftene til foredragshaldaren blir dekte av Margit og Morten Parelius' minnefond. Parelius-seminaret er derfor fellesnamnet på dette tiltaket.

Første året det vart arrangert var i 1996 og sidan har det vore årvisst med 35-60 deltakarar frå heile Møre og Romsdal.
Emna som har vore tatt opp til no, er desse:

  • 1996: Amtmannsarkivet for Romsdals Amt v/ Elin Jacobsen
  • 1997: Eldre kommunale arkiv v/ Ingrid Synnøve Rian
  • 1998: Bygdebokarbeid v/ Mads Ramstad, Harry Hestad og Jostein Sande
  • 1999: Utvandring v/ Rasmus Sunde og Rolf Strand
  • 2000: Romsdalsdialekten – kva veg tek han? v/ Helge Sandøy og Dagrun Gjelsvik Austigard
  • 2001: Stadnamn i skrift og tale v/ Ola Stemshaug
  • 2002: Kvinnehistorie v/ Sølvi Sogner
  • 2003: Det offentlege helsestell 400 år
  • 2004: Arkiv i Møre og Romsdal
  • 2005: Jordskifte og hamskifte på 1800-talet v/Ola Svein Stugu og Mads Langnes
  • 2006: Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal v/Frode F. Birkeland
  • 2007: Landslaget for lokalhistorie v/Kurt Tverli og Jostein Molde
  • 2008: Skifte som kilde i lokalhistoria v/Jonny Lyngstad
  • 2009: Digitalarkivet – arkivmateriale som kjelde til fortida v/Yngve Nedrebø
  • 2010: Elektrisitet og andre energiformer v/Tore Witsø og Bjørn Austigard