Vårt Bjørnerem

Bygd: Bjørnerem
Kommune: Midsund
Tekst: Opstad, Anna

Bjørnerem, eldgamle bustad på Miøy mot nord,
fagert du ligg der med utsyn mot hav og mot fjord.
Gøymer på minne frå eldgamle tider i fedrajord.
 
Bjørnerem, her ligg min heimstad, min kjæraste flekk her på jord.
Brunkledd og bart, blidleg og bjart,
venast når sumarsol skin over blåblanke fjord.
 
Bjørnerem, aldri du gløymest om ute eg vanka og for,
minna dei fylgde om heimen, om far og ho mor.
Minne om gleda og sorglause dagar før eg vart stor.
 
Bjørnerem, gåva frå Han som alt skapte og gav.
Finare bustad eg veit ikkje av.
Her slekt etter slekt har odla og budd,
verna om heimen, vyrdsla og rudd.
Så gildt det er å kome attende og sjå,
finne att stadar der me leika som små.
 
Bjørnerem, ynskje for deg og di slekt måtte bli
framgong og vokster frå tid til tid.
Om ute me vanka så vide om land,
at her kan me møtast og knyte nye band.