Vågarim

Bygd: Vågane
Kommune: Molde
Kjelde: Fra Ivar Aasen til Kaptein Sabeltann / Rune Skjevik s. 107 og Jul i Romsdal 1995 s. 28

Sjå Vågabygda ein måneskinskveld
når jorda ligg sveipt i sin snøkvite feld.
Og furuskogen stend tett omkring,
om grenda han finner so trufast sin ring.
 
Sjå Vågen kor blank og stille han er
han smiler så fagert til alle som ser.
Og storfjorden ligger so venleg og blid
og kviler seg ut til sudvesten si tid.
 
Sjå bygda ein stormdag når fjorden held fest
og sjøen gjeng tungt frå Revet i vest.
Når vindflågror hyler i tak og nover
og rister i alle hytter og stover.
 
Sjå bygda ein morgon; når lauvskogen sprett
i greinene småfuglar syng og smett,
dei kvitrar so fint om forsoning og fred,
og seier at: Vågingar, ver samnde som me.
 
Sjå Vågabygda ved sommar og haust
ho ligg der so vidstemt og like traust
fra kammen i sud og til Fannen i nord
for oss er ho fagraste grenda på jord.
 
Å, Vågingar som i verda dreg ut, han gløymer
kj’e bygda, der han leika som gut.
Der han rende på ski i bakkar og lier.
Ja, han «Vågane» minnest i alle tider.