Vestneskransen

Kommune: Vestnes
Tekst: Roaldsnes, Finn Arne
Melodi: folketone

Forfattaren skriv dette om songen:
Songen er ein hyllest til den storslagne naturen vi har i Vestnes.  Men den er og eit uttrykk for glede over å bu her og over dei som eg bur saman med.  Det er og ein hyllest til det fine som har skjedd og vil skje i Vestnes.
Folk, ein god blanding mellom sunmøringar og romsdalingar, er venlege, storsinna og framtidsretta.  Ved å lage ein relativ kort song og med nokre fyndige vendingar hadde eg håpa å gi inspirasjon til dei som er med å synge den.  Songen skal gi samkjensle og stoltheit.
 
Den vert framført ved 17.mai og ein gong kvart år oppe på toppen av Ystetind av ”Ystetind messingkvintett” og sangsolist. 
 
Songen vart skriven i 2009, delvis på Vestnes og på Samos.
 
Finn Arne Roaldsnes
Sokneprest i Vestnes


Stolt rager Remmem- og Ystetind
i Vestneskransen så fager.
Her gard og grender seg saman bind
med pynt av åkrar og enger.
Det alt seg speglar i Flatevågen,
tre bruer spenner i Straumen bogen
til leik og dans
i Vestneskrans.
 
Det skuter seglar på mange hav
som her frå fjorden er låra.
Der Hermann Lehmkuhl, vår stolte arv
til meisterverk er kåra,
men mange andre har heider bore
til Vestneskransen for det dei gjorde
av råd og dåd
til slekters såd.
 
Så gut og jente, ver stolt og glad,
hald Vestneskransen høgt heva.
Her har du heime på kvar ein stad
med liv og lyst skal du leva.
men vil du ut i den store verda,
ta med tilbake du finn på ferda
av kraft og glans
til Vestneskrans.