Tresfjordssong

Bygd: Tresfjorden
Kommune: Vestnes
Tekst: Brovold, Jens



Tresfjord, Tresfjord
fagraste staden eg veit på jord.
Her sprang eg liten og vesal, men glad,
her stig dei minni som perlor på rad.
Fagraste Tresfjord, fagraste Tresfjord!
 
Tresfjord, Tresfjord
rundt om ligg heimen til far og mor.
Blømande hagar og angande blad.
Aldri du ser nokon finare stad.
Fagraste Tresfjord, fagraste Tresfjord!
 
Tresfjord-fjell, Tresfjord-fjell,
attom går sola so raud om kveld.
Grønkledde bøar og draumdjupe fjord.
Venaste staden eg veit om på jord.
Fagraste Tresfjord-fjell, fagraste Tresfjord-fjell!
 
Kyrkjetårn, frå kyrkjetårn,
klokkene kallar Guds fred, Guds born.
Malmtunge tonar si helsing ber frem,
her vil eg kvila når livskvelden kjem.
Fagraste Tresfjord, fagraste Tresfjord!