Tonar frå fyret

Bygd: Ona
Kommune: Sandøy
Tekst: Husøy, Mona
Melodi: Mona Husøy,
Kjelde: Ord ved hav

Mona Husøy laga tekst og melodi og framførde songen i radio då ho var 16 år. 20 år etter ga ho teksten ein ny melodi og song den i NRK Fjernsynet i programmet "Ut i naturen"
Eg veit ein stad
der måkar ler
og hav og storm kan bruse.
Der berg er kledd med grøne mark
der du kan ro i båt og sjark
og kjenne sjøluft suse.
 
Og vi som bur på Ona`s land
er mennesker som andre.
Vi lengtar nok iblandt herfra
fordi vi trur det blir så bra
når vi i by`n får vandre.
 
Men når Ona`s hav i stille ligg
ved solnedgang i vesten.
Då er det rett eit draumeland
der folk i havet fiska kan
frå stoveglaset nesten.