Tomrefjordsongen

Bygd: Tomrefjorden
Kommune: Vestnes
Tekst: Godtland, Birgit
Melodi: Richard Powell

Birgit Godtland, er sosionom i Vestnes kommune f. 1953 på Tynset.
Songen vart skriven på oppfordring av Tomrefjord songlag i 1993


Tomrefjord, du er bygda i mitt hjarte,
Tomrefjord, du er bygda eg har kjær,
kor eg enn ferdast ut i verda -
eg veit alltid at sjela mi er her!
 
Kjære sambygding, sjå deg om og gle deg,
sjå naturen kva kappe han har tatt -
her er fjord, grøn ein skog og høge fjellet -
kor i verda du såg slik vakker skatt?
 
Og ein vårkveld så ljos der utpå Neset,
kvite toppar, ein sjø så blank og still,
til ein haustdag med stormkast over "Reset" -
sterke kjensler, eg kjenner eg er til!
 
Tomrefjord, du er bygd med tradisjonar,
ja, for vegen til havet e 'kje lang,
mang ein båt fann oss mat i tronge tider,
lat oss akte alt slit som var ein gong!
 
Kjære bygd, om eg flytter til ein storstad,
eg vil sakne kulturen som er vår,
med eit mangfold vi alle er ein del av,
og miljø der vi hauster det vi sår.
 
Vi vil synge for plassen vår og folket,
for dei som var, vi som er og dei som kjem -
for den rikdom vi har fått i livet;
fritt eit land, fin ei bygd og god ein heim.
 
Så la "gnisten" frå det nære mot deg strøyme,
ta vare på dei varme, åpne blikk,
så vil du "bygdepulsen" i deg gøyme -
og vegen du veljer gjer deg rik!