Til Romsdalsfjord

Bygd: Romsdal
Tekst: Aarnes, Hans
Kjelde: Unge Romsdal 1934 s. 289

Trykt fyrste gong i Kviteburd / Hans Aarnes. - Oslo ; Norli, 1933.
Du fagre fjord med solskinsstrand,
med nesjar, vikar, fjell,
mitt hjarta set du heilt i brand,
du er min draum i kveld.
Eg ser dei gamle trygge tun
i skogen tett og lun,
med åkrar og med bø,
og naust og båt ved sjø.
Der vil eg byggja glad og fri
ein heim til meg og gjenta mi
og bu der all mi tid.
 
Ein heim ved fagre Romsdalsfjord,
det gildaste eg veit,
ein part av feders vigde jord
der dei i truskap sleit,
det er min ervelut,
den vil eg byggja ut.,
so langt eg vinn og når
til trygd for ætta vår.
Og um det kostar strev og strid,
me gjev oss ikkje, gjenta mi,
her vert me all vår tid.
 
Vår heim skal lysa ven og stor,
me heiser flagg på stong,
so fargar glitrar yver fjord,
i skogen svarar song.
Me plantar og me sår,
og vyrdsler jorda vår,
då veks det frukt og korn,
då smiler våre born.
Og raust og rik ei framtid gror
for nye ætt på feders jord
ved fagre Romsdalsfjord.