Til Molde

Bygd: Molde
Kommune: Molde
Tekst: Fladmark, Ola
Kjelde: Unge Romsdal 1934 s. 225

Midt i dei venaste bygder i nord
er planta ein hage i sudvendt jord:
Molde, vårt Molde, me helsar idag
romsdalsbyen med fanor og flagg.
Om deg stend fjellgard som fanevakt
skoglia kransar din blomeprakt.
Molde, vårt Molde so trygt i ly
ligg du – vår eigen by.
 
Sagte seg rullar mot Fannestrand
fjorden i solglitter kringom land.
Molde, vårt Molde den speglar deg av;
minner um leiken på brytande hav,
våggar i fråde mot holmar og skjær,
stilnar og trøytnar – vårt Molde nær.
Molde, vårt Molde me nynnar ditt navn,
der me stend ind mot havn.