Til Heimbygda mi

Bygd: Holm
Kommune: Rauma
Kjelde: Unge Romsdal 1934 s. 193-94

Sto fyrste gong i Mjølner, lagsbladet til Holm u.lag.
Signe deg, du vesle bygd!
Millom fjord og fjellgard trygd
ligg du som eit dikt til dagen.
Fager bjerkelia stend,
gulnar lett og smått om senn.
Snart er korte somar dragen.
 
Venast er du fram mot kveld,
då når sola sig bak fjell,
og når gull om tindar flaumer.
Då med bod frå Alveland
båra rullar tungt mot strand,
vekkjer lengt og ungdomsdraumar.
 
Mang ein ungdom vegen fann
ut frå deg til framandt land
for å vinne gull og lukke.
Men eg veit sovist ein gong
når dei høyrer båresong,
vil dei minnast deg og sukke.
 
Dei vil minnast haustbrunt fjell,
fuglesong om somar kveld,
kveldsvindsus som gråt i lyngen.
Å, eg veit at slike minne
trugar tåra fram på kinnet;
såre heimlengt bryt i bringa.
 
Signe deg, mi vesle bygd!
Ætt på ætt hev budd og livd
på di jord i skiftningsbolkar.
Her dei kviler grav i grav,
og dei reiser stilt eit krav
op til dei som no deg folkar.
 
Fram då ungdom, fram på rad!
Lat dei farne tiders krav
livne op i hug og lynde!
Set deg høge reine mål!
Legg i vilja kjærleiks stål!
Sol skal over yrket renna.