Til Gossen 2

Bygd: Gossen
Kommune: Aukra
Tekst: Sæter, Alf A.

Forfattaren skriv:
Ved hjelp av mine gamle sjuande sansar fann eg at eg skreiv min tenårings gossesong den 4. juni 1954 (18,5 år gamal) og at den sto på trykk i Budstikka ikring månadsskiftet juni/juli.
Du nakne øy med myr og lyng,
der stormen vilt sin salme syng
i regnsvart seinhaustnatt,
du stig av havet, grå og låg,
men gjer meg likevel så fjåg
kvar gong eg ser deg att.
 
For her på denne soge-øy,
her vart eg fødd, her vil eg døy
og ingen annan stad.
Her var eg utan sorg og sut,
her var det at som liten gut
eg leika, lett og glad.
 
Og rundt om langs vår gråsteinsstrand
har mang ein sliten arbeidsmann
ein liten buplass rudd,
og her har han i tronge kår
og gjennom lange magre år
med seg og sine budd.
 
Dei vonde åra langsamt kvarv,
ei betre tid me fekk i arv
som lærte oss å sjå:
Om skyer stenger  kvar ei lei
så veit me visst at over dei
er himlen alltid blå.