Til Eresfjord

Bygd: Eresfjorden
Kommune: Nesset
Kjelde: Viser, songar og dikt frå Eresfjord og Eikesdal / Red. Bersvein Leirvoll s 12

Eresfjord du er no so stor
du rømer det beste eg eig på jord.
Her er min heim og mitt eige folk.
Her treng eg ikkje bruke tolk.
 
Fagrare stad er ikkje å sjå
enn Eresfjord med sumarplagg på
med fuglesong i grøne lier
og bekkesull etter fjellsider.
 
Umkransa er du av fjord og fjell
og etter dalen renn Eira elv.
So logn og roleg ho renn nedyver
og skogen helsar på båe sider.
 
Høyr kor ho susar og lokkar og bed
og småbekkjene dei sig nedåt deg.
Men no er det for seint å snu
no lyt du fylgje med under bru.
 
Rundt om ligg gardane små og store
som blømande hager er heile jordet.
Bjørka grønast høgt oppå fjell
og sola ho skin til seine kveld.
 
Her heimen min ligg – her er far og mor
her sprang eg til eg vart sterk og stor.
Her er eg kjend i kvar lund og lid
og her hev eg vore mykje av mi tid.