Til deg, du fagre Rødvendal

Bygd: Rødven
Kommune: Rauma
Tekst: Sandnes, Eiliv
Melodi: Dei gamle fjell i syningom/trad. Ivar Aasen
Kjelde: Unge Romsdal 1934, s. 177-78



På Slettskarhamar no eg stend
og skodar bygd mi.
Eg ser den fagre heimegrend
ligg vænt i bløming blid.
Kvart tre, kvar blome stend i flor,
i dalen grovêr er.
Grønt graset stend på fedres jord -
me minnast dådrik ferd.
 
Ned gjennom dalen leikar seg
i vårflaum elva - kvit,
liksom ho tonar på sin veg:
"Frygd deg ved livet ditt".
Men vidare ho stemne må
heilt ned til fjordens famn.
Og segna segjer: Denne å
gav Rødvendal sitt namn.
 
Som vaktmenn heile dalen kring
dei gamle fjella stend,
og varnar med sin trauste ring
vår gamle gard og grend.
Frå ævleg tid dei standa so
med mynde og med magt;
og gjennom tida - vond og god -
dei heldt so tru ei vakt.
 
Tvo tusund og sekshundrad fot
stig Store-Oksen op,
på andre sida rett i mot
er Vesle-Oksens kropp.
Nonshaug, Kolås og Randsetfjell
er sessa lægre ned,
dei skodar døgnets stræv og stell
og trygdar dalens fred.
 
Sjå der tvo kyrkjor reiser seg
med sine spir mot sky.
Den gamle song om sannings veg
her lyder like ny.
Som minne frå framfarne tid,
då "Kvite-Krist" vart kjend,
stend Gamle-kyrkja der so frid
i fagre heimegrend.
 
No berr' ein liten solgangsvind
på fjorden er å sjå,
som leikar seg so lett og lind
på kveldsol-gyllte blå.
Å, det er hugnad gange her
og sjå sin heimestad.
Ja, alltid, alltid vænt det er
på fjell ved solarglad.
 
Eg kjenner meg so sæl og fjåg
ved dette synet her;
og aldri som idag eg såg
kor fager bygda er.
Lat dalens bilæt' teikna seg
so fast i minnet då,
at kvar eg gjeng på livsens veg
det klårt og fagert stå.
 
Til deg, du fagre Rødvendal,
eg dette kvadet gjev.
Og kvar eg gjeng eg alltid
deg minnast på min veg.
Her leiken gjekk so til og frå,
tidt andror sto i stamn.
Og her skal segla falle då
eg gjeng i siste hamn.