Solrenning over Skåla

Bygd: Hovdenakken
Kommune: Molde
Tekst: Hovdenak, Gudmund
Kjelde: Jul I Romsdal 1993 s. 44

No melder sola sommarmorgonen i aust,
stig rodnande or nattelega si og kliv
mot himmelranda attom Skåla som ligg traust
og vernar bygda der ho vaknar og får liv.
Det stig i meg ei glede, smertefull og ny
som gleda ved det aller første morgongry.
 
Og sola speglar seg og glitrar i kvar våg,
og tenner morgonlys i husa på kvart nes.
Or jorda stig det safter til kvar trevl og tåg
i lyng og kjerr og skog der morgonvinden blæs.
Det bårar fram ei lengtingsglede i meg då:
I dette morgonlandskap kan eg himlen sjå!
 
Og medan sola rullar hjulet sitt mot sør,
ein måseflokk flyg fjorden ut med blanke skrik.
Eg høyrer same mjuke morgonsong som før
når nokon henta mat til ungar i ei vik.
Eg står her inne ved min barndoms gråe grind
og kjenner sår som blør og gamle band som bind.
 
Og elva strekkjer ifrå fjell og ut til fjord
eit band der myrull voggar og der fuglar flyr.
Frå Kammen lengst i sør til Lia imot nord
der vaknar livet etter natta. Dagen gryr.
Eg stemplar inn og melder meg påny i dag
til teneste i hagen som vi eig i lag.