Sjå sola sprett

Bygd: Eikesdalen
Kommune: Nesset
Tekst: Helde, Einar
Melodi: Einar Helde
Kjelde: 21 heimlandstonar / Einar Helde

Skriven i 1973
Sjå sola sprett ved høge Rangåtinden
og fyller dalen med sitt strålegull,
og Aurå søgjer stilt i sønnavinden,
ein solgangsbris som svalar, underfull.
 
Ein fugleflokk som eit orkester spelar.
Dei trillar, traller, kvitrar, kved og syng,
og fløyter fint når dei til maken belar,
og byggjer reir i lauvskog, røys og lyng.
 
På bøen nikkar mange tusen blomar
i alle fargar, blått og raudt og kvitt.
Og lia høggrøn står med blad og kumar.
Ein buskap går så trygt i beitet sitt.
 
Sæl er den møy som her får bu og byggje.
Sæl er den mann som her ei framtid finn.
Her har dei båe to sin heim, si hyggje,
og glade born kan springe ut og inn.
 
Her kan dei bu i kjærleik, fred og glede.
Her kan dei leve i sitt lykkebu.
Om slike fagre dalar må vi frede
så folk blir fylt av livsvon, mod og tru.
 
Når sola sig og ned i vester glader,
ho gyller himmelen med strålegull.
Vår sol går ned. Ho lyser andre stader.
Ein evig sommar ventar, underfull.