Sekken

Bygd: Sekken
Kommune: Molde
Tekst: Ungdomslagslem
Melodi: Dei gamle fjell
Kjelde: Unge Romsdal 1931 s. 25-26



Her ligg ei øy so vid og stor
med slikt eit rare namn
Og vene store Romsdalsfjord
han tek ho i si famn.
Og her bur gut og gjente blid
i livsens friske år.
Ja, so lunt det er når vintren lid
mot milde varme vår.
 
For dei som framand er for alt
me nemner namnet her,
det kanskje høyrest noko skralt
når namnet «Sekken» er.
Men heil han er, du sjå på kart
eit lyte ikkje er.
Det mang ei lerretsskjorte vart,
sauma me til Pål og Per.
 
Og her det gode trivast vil
eg kan kje anna tru.
Med mang ein ungdom staut og gild
som lag med gamle bu.
Og fri me er av bilesjau
og denslags styr og ståk.
Ja, frisk me er som ku og sau
sjølv i verste sjellefok.
 
Nei, folket er slett ikkje lat,
dei strevar ofte stridt.
Og grauten er so gild ein mat,
på han me ser so blidt.
Det for mange er frå hand til munn
det kan me vel forstå;
men for slike er ei fagnadstund
når dei mett frå bord fær gå.
 
Her veks det alt som tenkjast kan
på denne vide jord.
Og skapt ho er av heilag hand,
det veit nok små som stor.
So om du hava skal ein flekk
av Noregs fagre land,
då best det er å bu på «sekk»
her du vil nok verta mann.
 
Og kjendt ho er den gamle leid
som stemner inn frå hav.
Det mot som Håkon Herdabreid
han viste oss og gav,
det vil me framleis næra på,
få vikingblod i rot.
So kan me trygt i striden stå
med viljesterke mot.
 
Velkomne skal de vera her
om tidleg eller seint.
De taka lyt det som det er;
men godt det er nok meint.
For tanken er nok no som før,
me vonar og han blir.
At leva skal me heilt som brør
og i same ånd me strir.
 
So set me stempel på vår øy
med ærleg ånd og hud.
Me alle leva vil og døy
i trua på vår Gud.
Det gode er den beste arv
som nokon mann kan få.
Og hatar gjer me spott og slarv.
Godt det er å leva då.