Romsdalsviså melodi 1

Bygd: Romsdal
Tekst: Venås, Kristian
Melodi: Nedteikna av Harald Morstøl
Kjelde: Jul i Romsdal 2007, s. 42



Romsdøler er me og rare.
Lukta tå snaufjell og tare.
No ska i førtelje og belje
om kor me er rar og kva me har.
I ska vare snar før i er kje kar
om å halj på lengje og vrengje
på dei ord og tona i trønje.
 
Bøgdene krengom med gara.
Mengde tå ojefte kara.
Her finst inkje jenter som venter.
De te byen må, olabrokja på
og frå høl i skrå stikk ut måla tå.
Stend dei der på gata og prata
om at det e fjøsen dei hata.
 
Tå bya me he kje mange.
Defør so er me kje bange.
Før imylljå kolle ligg Mållje:
Sta med store hus, fri for lus og mus,
vin og øl i krus, her me fer ein rus.
Stend me der på kaia og svaia
- bremsar opp den svartaste Maja.
 
Føl me "Romsdal" innover,
tvers gjønå skoidde og gråver,
gjønå kalde strauma frå Rauma,
inn te Åndalsnes, regne der og bles
turistplass "Oh yes!" Følk er bra tefreds.
Her vår Raumabane mon stane!
Ålesund? Dei he berre plane.
 
Øyan'j der ute er mange.
Somme stekk knapt opp av tange.
Følkje fer kje føda av grøda.
Dei på havet må ut på bølja blå
feska gjer dei så, sjunger "Hei og Hå!"
Fiskarmenner ofte må lida
om dei he det godt no før tida.
 
No er mi vise te ende.
Glømde i gjorde, kan hende,
her om verneplekta å dekta.
Om kvar konfirmant som er aspirant,
og vil bli sersjant, og om kvar ein fant,
som mot det å ruste seg busta
- hamna i ein leir utpå Husta!