Romsdalssong

Bygd: Romsdal
Tekst: Vestad, Martin Knutsen
Melodi: Jeg har båret lerkens vinger av F. Silcher



Romsdal, Romsdal! deg me nemner
som vår landslut dyr og kjær,
Romsdal, Romsdal! deg me femner
og i barmen me deg bèr.
 
Romsdal, Romsdal! fagre bilde.
Smilande i fargeprakt
stig du fram slik Gud det vilde
ved eit «bliv» i allmakt sagt.
 
Romdalshorn og Vengetinder
kneiser høgt mot himmelblå
og som gjort med same hender
Trolltind-rader er å sjå.
 
Dronninga ved Kongens side
stend med kniplingstasen på.
Bispen einsam, trengd til side,
lengtar høgre opp å nå.
 
Romsdalsfjord med mange armar
nerven er som livet gav,
kjenner du kor lognt han varmar,
fører straum frå golfske hav?
 
Øyer, holmar utmed havet
er som forpost sett på vakt,
vaskar seg i båredraget
- fugleungar lik, er sagt.
 
Romsdal, Romsdal! fedres heimstad,
her vår eigen heim er sett,
og me trur i kraft av lovnad:
våre born får heimstadsrett.
 
Signe, Gud, vår heim, vårt yrke,
signe nabo, grend og bygd,
sign vår skule, sign vår kyrkje,
ver vårt vern og beste trygd.