Romsdalssong : Innfjordsong

Bygd: Innfjorden*
Kommune: Rauma
Tekst: Vik, Lars Ellingsen
Melodi: Blandt alle lande av H. Matthison-Hansen
Kjelde: Unge Romsdal 1933 s. 238-39

Vi hadde ikkje tekstforfattar til songen, men Hjørdis Almelid Vikenes skreiv dette til oss i 2023: Litt tilleggsinfo om Innfjordssongen frå 1931 som de har i basen dykkar. Den teksten er skriven av Lars Ellingsen Vik, fødd 1871. Det skriv Magne Vik då eg spurte om info om denne songen på ei innfjordsgruppe nyleg, og Lars var farfaren hans.

*Vil ein synge denne songen ved andre høve, kan ein bytte ut Innfjords- med andre bygder, t.d. Tresfjordsbygd osb.

Skriven i Innfjorden mai 1931.

Sjå også "Bygda mi".



Kor du er fager vår Innfjords-bygd
med fjell umkransa - og liv i trygd,
med heimar vene
og markar pene
i heimebygd.
 
Kor du er fager med sus i li
ein vinterdag her med gut på ski
og soleglime
i middagstime -
um kaldt kan bli.

 

Men fagrast er du i vårdags skrud
med blomeprydnad – rett som ei brud
og lier grøne
og song på møne
med pris for Gud.

 

Kor du er fager ein sumarkveld,
når kveldssol glimar i alle fjell!
Kvart strå seg voggar,
mens jorda doggar
kvart bakkehell.

 

Ein haustardag – å kor fin du er
med åkrar gule og eple – ber!
Um storm frå vesten
kjem seint på hausten
her trygt lel er.

 

Å Romdalsfjord – å kor fin du er
når fjell og lier seg speglar der!
Men sume tider
i uvers-rier
au morsk du er.

 

Av alle bygder i aust og vest,
er Innfjord-bygda mit hjarte nest.
Når deg eg saknar,
då lengsel vaknar
som aller mest.

    

Her fedrar stridde i tusen år.
Mit liv, mit arbeid her ut eg sår.
Um inkje dunar
det litt lel munar
kvart år som går.

 

Kvar helst eg ferdast i sør og nord,
eg aldri gløyme vil denne fjord!
For folkelynne
hev same sinne
som far og mor.