Romsdalsmuseet

Bygd: Romsdalsmuseet
Kommune: Molde
Tekst: Ødegård, Arne K.
Melodi: Går på Dei gamle fjell i syningom
Kjelde: Jul i Romsdal 1992 s. 11



Museet fredfullt, stille,
heilt utan larm og dur.
Dit var det helst me ville
so ofte ta ein tur.
 
Der er det vakre dammar,
der liljor står i flor,
dei speglar bjørkestammar
og himmel, hus og jord.
 
Det er ei ekte gleda
å sjå dei gamle ting.
No blir dei stelt og freda
og tankar sett i sving.
 
I desse husa talar
kvar stokk og kvart eit bord.
Frå gamle skåp og dalar
kjem sogor utan ord.
 
Me høyrer feletonar
med gamal tradisjon.
Den gamle kulturarven,
det er vår framtids von.