Romsdalsdikt

Bygd: Romsdal
Tekst: E. H.
Melodi: Mens Nordhavet bruser av M. Ibsen
Kjelde: Varden 1928

Edmund Søvik skriv:
Ein av isfjordssongane som hadde dukka opp i seinare år er: Me helsar deg Isfjord -  Då eg såg gjennom historikken eg har skreve om Losje Vengetind, fann eg i avisa Varden frå 1928 ein "original" som isfjordssangen er henta frå. Der har eg skreve av 2 vers. Forfattaren er framleis ukjend, og EH er truleg den som har skreve inn diktet i avisa Varden.
 
Sjå og songen Isfjord


Me helsar deg, Romsdal, av heile vår hug,
vår heimstad so staut og so stor.
Med fossande elvar og dalar og skog,
din himmel, ditt hav og di jord.
Dei smilande fjordar og øyar og vær,
og myldret av holmar og skjær.
 
Me elskar deg, Romsdal, og gjev deg vårt ja,
i arbeid på sjø og på land.
Me fridom og rett millom folket vil ha,
då knyter seg brorskapens band.
Mæl høgde av fjellet og djupni av fjord,
i tanke, i tru og i ord.