Romsdalingen

Bygd: Romsdal
Tekst: Fladmark, Ola

Eg stend og ser mot himmelrand
mit Romsdal høgt og fritt,
og spør meg sjølv – kven er du mann?
Er dette landet ditt?
Ja! Romsdal er min heim på jord,
der all min elsk hev rot.
Eg kjenner fjell, eg kjenner fjord,
det syng meg vent imot.
 
Ditt fjell er høgt og veggen bratt
og tind mot himlen når;
men i mitt brøst eg kjenner ratt
ein slik ein bergvegg står.
I blodet bryt so vilt din foss.
Som hav og fjord det er.
Dei skavlar i so vild ein tross,
og bryt mot dulde skjær.
 
Men og din sol i sind er lagt,
med vår i grornem mold.
Med skog i herlig blomsterdrakt
og gras på bø og vold.
Din månenatt i gylden glans
ror i min draum so sær.
Eg ser i augo – hennar, hans,
at himlen er meg nær.
 
Ja, Romsdals tind mot himlen når,
med top i evig sno.
I jorda di eg sår ved vår
og veit at det vil gro.
Du er nok min, men eg er din,
din herre hard og mild.
  - Og når eg døyr skal sonen min
nå fram – um Herren vil.